Arbeidernes kommunistparti (AKP) gjorde sine feil, både før og mens jeg var leder i partiet. Men leser en aviser opp gjennom åra, så virker det som partiet har hatt feil i ett og alt. Jeg håper denne boka kan bidra til å vise at politikken vår på svært mange felt har stått seg.
I det siste tiåret før AKP og RV gikk sammen i Rødt, var det flere runder med massive mediekampanjer mot AKP, der medlemmene (både de som var med i partiet og de som tidligere hadde vært det – og noen som aldri hadde vært med) blei avkrevd bot og anger.
I tilknytning med disse kampanjene har jeg og mange andre skrevet tallrike svarinnlegg. De fleste av disse innlegga bør leses i sammenhengen de blei skrevet i, og vi har derfor valgt å ikke gjengi særlig mye av det i denne boka. Men AKPs nettsted (som fortsatt finnes) gjengir et stort antall innlegg fra begge sider. Du finner peker til dette lenger ned.
Her bringer vi bare teksten «AKP støtta aldri folkemord», pluss et muntert utdrag av et møtereferat nedafor Bakgrunnen for dette siste er denne: En av angerdebattene blei starta av professor Bernt Hagtvet. Han var og er ivrig etter å høre anger. Han skreiv i et innlegg i Dagbladet 16.–17. juli 2003 påstander om at AKPere, for å bli medlemmer, måtte være villige til å «indse at man kunne komme til at slå ihjæl, og at det kunne ramme mennesker, som stod en nær, for eksempel ens venner eller foreldre». Det mente vi var å gå over streken for alminnelig debatt, og AKP/jeg krevde at han måtte trekke påstanden tilbake, ellers ville vi bringe saken inn for retten. Dette siste blei ikke nødvendig.
På et debattmøte 11. august innleda Bernt Hagtvet, Sigurd Allern og Elisabeth Eide. Jeg var ikke invitert – fikk ikke en gang plass inne i det fullstappa møtelokalet og måtte stå ute på gata og høre ordskiftet. Etter hvert fikk jeg imidlertid kommet inn for å holde et innlegg. Klassekampens journalist Jon Hustad kommenterte møtet slik det står under her. [Boka hadde bare med de to siste avsnitta av Hustads tekst.]
Måndag var det angredebatt mellom Bernt Hagtvet og Sigurd Allern. Den handla om kroppskontroll.
Eg er ung. Eg har ikkje fyrstehandskjennskap til konflikten mellom AKP og resten av venstresida. Men dette trur eg at eg veit: Ho
handla i liten grad om politikk. Ho handla om at Sigurd Allern bad om
Farris då han debatterte
mot Bernt Hagtvet på Gabler
i Oslo på mandag.
Kva var det unge venstreorienterte
gjorde opprør
mot på 70-tallet? Var
det den borgarlege, kapitalistiske
og undertrykkjande
norske staten? Dei sa det. Men eg trur det ikkje. For den staten
fanst ikkje. 70-tallet var
sosialisme på norsk.
Statsbankane var større
enn privatbankane. Tilgangen på kapital strengt
regulert. Marginalskatten
nærma seg 100 prosent.
Børsen var steindaud.
Fattigdommen var så
godt som utrydda og arbeidsløysa
så liten at arbeidskontora
framstod som verna verksemder.
Sosialdemokratiet hadde
levert varene.
At både SV og AKP
hadde revolusjon i partiprogrammet,
botna neppe
i armod og gråbeintid.
«Nei,» vil ein gamal venstreraddis vedgå, «det
handla ikkje så mykje om
økonomi, det handla om
kampen mot USA-imperialismen
og om pampeveldet
i Aps støtte til rekolonialiseringa».
Ja vel. Men kven på
den unge venstresida
kjempa ikkje mot USA-imperialismen?
Korkje
Sissel
Rønbeck eller
Thorbjørn Jagland
framstod
akkurat
som ihuga
tilhengarar
av Hanoi-bombinga. Til
og med Olav Versto gjekk
i demonstrasjonstog utanfor
Drammensvn. 18.
Pampevelde? Tja, Haakon
Lie var i Florida, Trygve
Bratteli var vel heller
ikkje altfor viril. Likbålet hadde byrja å brenne.
Liknande døme er legio.
Så her er mitt svar, 30
år etter: Skismaet på
venstresida handla ikkje
om politikk, det handla
om kontroll, kontroll over
kropp, psyke og framtid.
AKP-pampane hadde det.
Dei andre ikkje.
Som debattdeltakar
hadde Sigurd Allern rett
på gratis øl måndag, han
bad om Farris. Eg trur det
var då eg forstod det.
AKPs puritanisme var
ulik puritanismen til dei
andre venstreraddisane,
er ulik mi eiga puritanisme.
Det må vere noko her.
Ja, det må det vere. AKP-arane
var trygge på at det
ville gå godt med dei sjølve.
Dei kjempa for dei andre.
SV-arane og deira
proselyttar
var utrygge
på eigne vegner.
Dei
kjempa for
seg sjølve.
Difor var
AKP moralsk
overlegne.
Difor
vert dei hata 30 år etter –
ikkje av Bernt Hagtvet,
eller Per Egil Hegge heller,
for den del, dei liker
berre bråket, dei – men av
dei som kjempa om dei
same massane på det
same ideologiske grunnlaget
som AKP, dei som
ikkje hadde den same
styrken som AKP – og
som tvilte.
Kampen for sosialisme
handlar om kampen
mot det kapitalistiske risikosamfunnet.
Når eg i
dag er for vinmonopol, for høge prisar på tobakk,
for gode trygder,
for arbeidsvern, så botnar
det i, lyt eg vedgå,
langt på veg i min eigen
angst for at eg ikkje skal
greie å kontrollere dei destruktive
sidene i meg sjølv. Eg trur ein del norske
venstreorienterte deler
den angsten. Slik reknar
eg med det var på
70-talet òg. Men altså ikkje for Allern og dei
leiande AKP-arane. Dei
var moralske på vegner
av dei andre.
Nede i lokalet måndag
sat det nokre såkalla venstreorienterte journalistar
og redaktørar frå
Akersgata. Dei var omlag
like gamle som Sigurd
Allern. På 70-tallet var
desse motstandarar av
Ap-pampar, USA-imperalisme
og tilhengjarar av
eit revolusjonært SV. Dei
var no overvektige, dei
kjederøykte, dei drakk,
det hadde gått med dei
som dei frykta på 70-tallet
– og dei applauderte
vilt kvar gong Allern fekk
motstand. Allern var tydeleg
klar over at dei var
der. Han synte dei berre
forakt. Allern var mager,
edru og røykfri. Han var
dei moralsk overlegen.
Difor kunne dei ikkje tåle
han. Då eller no.
Og Bernt Hagtvet? Han kunne godt miste nokre kilo han òg. Jorun Gulbrandsen, derimot, var brun, tekkeleg og slank. Vi ser fram til rettssaka.